produksjon

biografi

presse

nyheter

 

 

Utdrag

Eg sit på kontoret og skriv rapport. Kontoret er på rommet. Sara sit i nedekøya. Ho teiknar fantomteikning. Ho er med i byrået no. Lars har ikkje tid. Sara nynnar ein teit song frå barne-tv og sparkar med føtene og har hovudet på skakke. Ho er assistent.

”Hysj!” seier eg. Sara nynnar lågare.

”Syng inni deg!” seier eg.

Endeleg blir det stilt.

Overskrifta er: Arne Rasmussen-mysteriet

Arne Rasmussen er ein heilt vanlig far og vaktmeister som forsvann mystisk, skriv eg. Signalementet er: at han har svart/mørkebrunt hår, at han har stor nase, at han har blå bukse, at han har skinnjakke og eit raudt og blått skjerf. Han er lang og tynn og har bustete augebryn og litt for mykje hår. Han vart sist sett i ein raud Datsun, DATT SUND, og han var på veg til Oslo for å gå på kurs eller forresten var det litt utafor Oslo på ein stad der mange går på kurs viss dei er med i LO, og det er pappa. LO er lett å hugse, for det er berre å tenke på at nokon lo, kven var det som LO? Jo, det var LO. LO er for nesten alle som jobbar, i alle fall alle dei som går i 1.mai-tog.

Pappa kjørte av garde i den raude Datsunen og sidan har ingen sett han. Det er litt sånn som Stenersen-saka. Eg og pappa har hørt eit radioprogram om Stenersen-saka. Stenersen-saka handla om ein drosjesjåfør som skulle kjøre to skumle fyrar heilt til Oslo eller Hamar eller i alle fall langt, og så forsvann han, og dei fann han aldri. På radioen sa dei at han sikkert blei drepen og kanskje graven ned i eit steinbrot. Eit steinbrot er ein plass med masse småsteinar, for eksempel singel. Lars og dei har singel, han har fortalt at ein gong for lenge sidan kom ein lastebil og tømte singelen i hagen, og så tok faren og spreidde han utover der bilen skulle stå, og tenk viss han midt i singelen fann ein daud mann eller kanskje eit skjelett og at det var pappa.

No glømte eg å skrive bilnummeret og årstalet. Sånt er superviktig. Det kan øydelegge ei heil sak. Plutselig blir ein vilt framand mann arrestert av politiet, berre fordi han har ein raud Datsun.

Eg seier til Sara at ho må finne ut bilnummeret og kva slags år bilen er frå. Sara spring ut med forte, dumme skritt og nynnar den teite songen. Ho er assistent.

Frå pengeboka i skuffa tar eg ut bildet av pappa. Plutselig måtte han ha nytt pass, og så fikk han to bilde til overs. Sara og eg fikk eitt kvar. Arne Rasmussen fikk nytt pass for ikkje så lenge sidan. Det er mistenkeleg. Han har sikkert fare til utlandet. Og så gav han bilde til Sara og meg så vi skulle hugse han. Slik han var. Før spesialoppdraget. Og operasjonen. Så ein dag kjem mamma heim med ein ny mann. ”Det her er den nye faren dykkar,” seier ho, og eg tar mannen i handa, han ser heilt framand ut, men det er liksom noko kjent med handa, ho klemmer på ein god måte, og når han seier det framande namnet sitt, blunkar han til meg. ”Eg har kjøpt eit modellfly til deg, ein Stealth,” seier han, og da skjønnar eg at det eigentlig er pappa.

Mamma kjem inn på kontoret. Ho bankar ikkje på. Ho brasar inn, og klumpane dunkar sint og fort over golvet.

”Kva er det de held på med?” kjeftar ho.

Eg legg handa over det eg har skrive, men mamma røskar tak i armen min, neglene er kvasse, og ho klip hardt og riv arket til seg. Mamma snur seg unna og les, pusten blir fort og sint. Ho knørvar heile arket saman.

”Mysterium, du liksom!” freser ho. Sara har lista seg inn og står bak køyesenga.

”Det er faen ikkje noko mysterium!” brølar mamma. Sara kvepp, og mamma stikk blikket i ho.

            ”Faren dykkar har funne seg ei hore i Oslo! Det einaste mysteriet er at ho vil vere saman med ein sånn kuk!”
utdrag

samantha fox

inspirasjonskilder